Velkommen til Aldateateret

October 14th, 2008

To nye prosjekt på gang!

Teatral konsert i Gulen 2011 - utandørs ved kongestatuen i Skjerjehamn. Det tar utgangspunt i Den galne måndagen eller Galne-Måndagen, som det blei kalla, eit uvêr som slo inn over Vestlandet 11. mars 1822. Truleg mista rundt 300 mann livet på havet under stormen.

Ole Bull på Valestrand ei utandørs teaterframsyning omkring Ole Bull og hans liv og tilknyting til eigedomen på Valestrand. Premiere i august 2010, som er 200 års jubileum for O.B. sin fødsel.

GILGAMESH

Scenekamp du aldri har sett maken til!

Med Gilgamesh vil vi introdusere ein ny form for scenekamp i teateret. Kampscener på film har gjennomgått ei rivande utvikling dei siste tjue åra. Gjennom storslått koreografi har kampfilmar som Matrix trilogien, Crouching Tiger og Hidden Dragon blitt umåteleg
populære. Men i same tidsrommet har kampscener i teateret utvikla seg svært lite. Gilgamesh vil bli skapt i eit dynamisk og ekstremt fysisk teaterspråk.

Vi vil bruke skodespelarar som er spesielt utplukka på grunnlag av deira ferdigheiter i turn, akrobatikk, dans og scenekamp. Kampane blir brukt som ein redskap til å fortelje historia. Nye måtar å koreografere kampar på blir ein del av eit nytt fysisk scenespråk som vi trur kan vere med på å flytte grenser. Gilgamesh er den 5000 år gamle sterke og rørande historia om ein konge som trur han er udødeleg. Men når han misser sin einaste ven og likemann, Enkidu, går det opp for Gilgamesh at kanskje også han må døy ein gong. Han prøver å overvinne døden som om det skulle vere ein vanleg fiende, men mislykkast. Gjennom dette
lærer Gilgamesh seg å akseptere mennesket sin angstfylte lagnad: vi skal ikkje overleve. Det som ein gong var Sumer og Uruk, heiter no Irak, og vi ser igjen at ingen synest å ha lært av historia. Den same arrogante maktbruken som eposet om Gilgamesh fortel oss om, den herjar på nytt landet mellom flodene, og ingen synest å kunne stoppe det.

I vår framsyning vil eit kor, som heile tida er synleg, skape scener som spenner frå Gilgamesh sitt første møte med vennen og motstandaren Enkidu, til kampen mot Humbaba, monsteret som stadig skifter form. Og dette vil vi kunne gjere utan å måtte ty til
sceneskift eller spesielle effekter. Vår tryllekraft vil ligge i det fysiske scenespråket. Ved å bruke det beste frå tradisjonelle til moderne teaterteknikkar - og våre eigne - håpar vi å kunne gjere historia om Gilgamesh tilgjengeleg for alle, uansett språk, alder eller kultur.

Idé: Jeff Pedersen og Rolf Losnegård
Manus: Rolf Losnegård
Regi: Franzisca Aarflot
Koriograf: Jeff Pedersen
Produksjon: Aldateateret

Gilgamesh er ein coproduksjon mellom
Aldateateret og Sogn og Fjordane Teater

Andre samarbeidspartnarar er:
Førde Internasjonale Folkemusikkfestival
Firda Vidaregåande skule – dans, musikk,drama
Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Planane framover:
- det blir Juletreselgar-kabaret til jul! Ein utruleg morsom kabaret om tre juletreselgarar og livet deira på jobb midt i juelstria. Er ypperleg som julebord underhaldning. For booking, ta kontakt med Aldateateret på 97987762.

- Jeanette Kjær jobbar med forestillinga som handlar om Inger Hagerup og Halldis Moren Vesaas - denne produksjonen skal opp hausten 2008.

- Aldateateret startar konsulentverksemd. Vi konsulterer når det gjeld regi og iscenesetjing, utespel, scenekamp og scenisk formidling; når det gjeld det sistnevnte har vi breid erfaring med amatørar/profesjonelle - både vaksne, unge, profesjonelle musikarar og korps.

Idun Losnegård