Om oss

Rolf Losnegård

Rolf Losnegård

dramatikar og regissør

Rolf er født og er busett I Sunnfjord på vestlandet. Han har jobba I teateret I 25 år og har skrive over 20 skodespel for forskjellige teater over heile Norge, blant anna Risens Hjarte, Sogn og Fjordane Teater, Barnet utan alder, Hordaland Teater, Halvards valg, Brageteateret og Kinnaspelet, Sogn og Fjordane Teater og Kinn Teaterlag som har gått I 25 år. Han har skrive for NRK, vore tilsett som dramaturg ved ulike institusjonsteater og leiar for Norsk Dramatikars Forbund. Rolf er ein av partnarane i Aldateateret og jobbar som frilans dramatikar, forfattar og regissør. 

 

Jeanette M. Kjær

Jeanette M.Kjær

skodespelar

Jeanette er født og bur i Bergen. Hun har 4 års utdanning ifra London - 3 år som skuespiller ifra ALRA-Academy of Live and Recorded arts, samt 1 års Performance studie ifra Arts Educational School of Drama. Jeanette har ulike erfaringer som skuespiller og sanger fra blandt annet Bergen Opera Kor, Vestlandske Teater, Den Nationale Scene og Bergen Byspill. Ho spelte forestillingen Food for Faen på Sogn og Fjordane Teater, Visne Hender, Proscenia og Vestlandske Teatersenter, Prins Lys og Splint, Aldateateret der ho er partner. Jeanette har jobba lenge som instruktør, teaterlærar og kurshaldar i Bergen og er no tilsett som konsulent på Vestlandske Teatersenter.

 

Idun Losnegård

Idun Losnegård

skodespelar

Idun Losnegård har 3-årig skodespelarutdanning frå The Guildford School of Acting i England og har sidan jobba frilans i Norge og England, blant anna gjorde ho Babel på Det Åpne Teater, Oslo og Artistas Unidos, Lisboa, The last room I checked og Alyona, Arcola Theatre, London, Saman skal vi leve (Heddaprisvinnar-produksjon), Sirkus Saragossa og Mensen Ernst - løpekongen frå Sogn på Sogn og Fjordane Teater. Idun er og vokalist i bluesbandet Mrs.and the Pitifuls med base på Vestlandet. No jobbar Idun fast på Sogn og Fjordane Teater.